Eg går og tenkjer litt om dagen. Eg tenkjer mykje på alt eg ville fått gjort og framtidige prosjekt både innandørs og utandørs. Men så slår det meg; Kva er det eg fokuserer mest på? Tenkjer eg mest på alt det me allereie har fått gjort, eller mest på det som ikkje er blitt gjort endå?
På same måte kan ein spørje seg: Klarar eg å setje pris på alt det fine eg omgir meg med, eller tenkjer eg berre på det som eg så gjerne vil ha?
Kva med å vere litt meir fornøgd med alt det ein allereie har vore så heldig å fått. Nyte det som vart gjort utandørs i fjor. Fryde seg over at stakittgjerdet er på plass. Kose seg i den gamle gode sofaen. Sjå forbi uferdig arbeid og golvet som for lengst skulle vore bytta.
Ein får det så mykje betre med seg sjølv då. Slepp unna den konstante uroen og trangen etter å heile tida skulle få det finare og betre. Materielle ting kan aldri gjere oss varig lukkelege. Dei små lukke-kikka som eg kjenner når eg får ein ny skjønn ting til huset, varer som regel ikkje så lenge.
♥
Eg ser ikkje noko gale i å gjere det fint og koseleg rundt seg (då hadde eg vel aldri skrive ein interiørblogg). Tvert om synest eg det er viktig at familiens samlingspunkt og heim, der me tilbringer veldig mykje tid, skal vere ein innbydande stad å vere. Eg kosar meg med nye prosjekt, det er avkobling og rekreasjon for meg. Akkurat slik som hagearbeid kan vere for andre. Men eg vil heile tida vere bevisst på dette å klare å vere førnøgd og kose meg med slik me har det i dag.
Bileta viser eit forsøk på panacotta med kokos og youghurt. Det vart faktisk veldig godt. Ikkje vanskeleg å lage heller. Du kan gå inn på klikk.no for å finne oppskrift. Trykk her for å komme direkte til sida.
Takk for at du besøker bloggen min. Det gjer det heile meir meiningsfyllt
♥
Kristina