Her ein dag måtte eg gjere noko som eg kjende kosta meg ganske mykje. Det var ingen andre som hadde sagt at eg måtte gjere det, utanom den indre stemma i meg. Eg har det litt i meg, dette med å seie i frå om ting. Det blir sagt at eins styrke kan bli eins svakhet. Eg øver meg derfor på å bruke det på rett måte og i rett tid.
Eg plar handle på Rema 1000. I det siste har eg ikkje gjort det. Grunnen er den at dei har byrja å sette fram dei mest pornografiske blada ein kan få i ein daglegvarebutikk, rett ved kassaapparata omtrent der du finn tyggispakkar o.l. Me snakkar om blader mykje grovare enn Vi menn f.eks. Eg reagerer sterkt. Fyrst og fremst fordi eg har ei avsky mot denne pornoindustrien som dyrkar og utnyttar jenter sine kroppar, og gir ei heilt urealistisk forventning til kva sex handlar om. Bileta blir retusjerte og gir unge jenter eit uopnåeleg ideal, som mykje av anna reklame også gjer. Me jenter og damer blir altfor ofte vurdert utifrå utsjånaden vår. Statsråd Anniken Huitfelt er ei av dei som har sett seg lei av journalistar sine terningkast av antrekk, og stilte derfor opp i skisko ved ei anledning der det var forventa fine klede. Tøft gjort!
Tilbake til Rema 1000. Eg for min eigen del klarer å ignorer desse nakenmodellane som lyser mot meg, men eg tenker på alle barn som er i butikken. Skal dei måtte bli eksponert for slike bilder? Nei takk, då velger eg heller ein anna butikk. Barnesinna, og forøvrig også våre eigne, er skjøre og vare for sterke inntrykk. Barn skal skjermast frå pornografiske bileter, det er me vel alle einige om.
Derfor, etter mange vekers ergrelse og irritasjon over å sjå at blada forsatt stod som blikkfang ved kassaapparata, bestemte eg meg for å gjere noko. Eg spora opp dagleg leiar og skreiv ein mail til han. Ikkje noko sint mail, men ein sakleg mail der eg delte tankane mine kring temaet og understreka at slikt må ikkje barn bli utsett for.
Dagen etter fekk eg svar; Dei tok klaga til etterretning og fjerna blada umiddelbart! Jippi! Flott gjort av Rema 1000!
Gje beskjed om det noko du er ueining om, men ikkje i sinne. Bruk venlege og konstruktive ord, då blir du høyrd!
Dette kunne vore eit 8.mars-innlegg frå meg, men istaden blir det eit innlegg dagen før nasjonaldagen. Me er heldige som lever i eit fritt land der alle har lov til å ytre meiningane sine. Det er verkeleg noko å vere takknemleg over.
♥
Klem, Kristina